onsdag 18. november 2009

Litt (rå) teknikk




Vi held oss i Indre Nordfjord framleis. Her er det eit landskap med store kontrastar, ikkje minst for oss som driv med fotografering. Frå høgfjell med snø, is og mykje lys, til trange dalar med mørk skog og skugge. Dette kunne vere utfordrande å takle med lysbildefilm, og vart ikkje betre med digitalkamera. Inntil eg no omsider har oppdaga Photoshop som verktøy og redningsplanke. Det er forbløffande kva som let seg gjere her, no kan ein kanskje angre på hardhendt sletting av feileksponerte foto.

Eg har også fått sansen for råformat og prøver å lære det, m.a. inspirert av fotokurset og Tim. Det kan vere vanskeleg i starten, men nyttig og tilfredsstillande når det tek til å losne. I bildet ovanfor ville eg tone ned breen kraftig for å få fram blåfarge og detaljar, men ville samtidig behalde framgrunnen bra lys. Prøvde då graderingsfilteret i Camera Raw, med godt resultat bort sett frå at fjellsidene vart litt for mørke øverst . Dette kunne eg korrigere med justeringspenselen ved å "male" fjellet lysare. Kjekke redskap å ha! Adobe har laga ein grei liten instruksjonsvideo om desse funksjonane.

Elles kan dette bildet av Brenndalen vere ein intro til neste innlegg, som blir frå ein fin hausttur der.

2 kommentarer:

  1. Bra opplæringsvideo. Mye lærdom og inspirasjon å hente i sånne.

    Ellers så er ikke bare filformatet som er rått. Det landskapet var kraftfult.

    Har et par småideer som kanskje kan være verdt å prøve ut. Mye av krafta og dramaet ligger i selve isplattået som ser ut som det nesten kommer i huet på oss.

    Hva med å framheve den en litt mer med en egen Adjustment Brush på det? En liten dash med ekstra Claritiy er kanskje det som skal til for å få den til å poppe? Bruker du samme teknikken som det Chris O bruker på øret til han fyren, og maler over med en pastellaktig farge et sted mellom grønt og blått, da tenker jeg breen virkelig står fram.

    Kobinerer du fargemalinga med litt økt kontrast, da unngår du at de hvite partiene også endrer farge.

    PS. Gleder meg till hovedretten :-)

    SvarSlett
  2. Takk for interessante tips. Har prøvd dette no men vart kanskje for mykje av det gode så det ser litt kunstig ut..?
    Prøver å legge inn link til nytt bilde her:

    http://picasaweb.google.com/lh/photo/INlmNWvJzZbel9adQc7PeA?authkey=Gv1sRgCOH03c3y8p75UA&feat=directlink

    SvarSlett