Etter ein lang periode med mørketid og sprengkulde måtte eg på Rindehornet i dag og helse på sola igjen. Der oppe skin den allereie 4 timar, og varmar faktisk litt i kinna. På toppen var det i dag heilt stilt og berre 5 kuldegrader (i skuggen), 10 grader "varmare" enn heime.
Det var godt å sjå lyset igjen og kjenne at det kribla i avtrekker-fingeren.
Det har vore uforutsett lite tid til foto og blogg i det siste, også i jula. Men eg har følgt med på bloggane i fotoklubben, og har glede av bilda sjølv om eg ikkje hiv meg ut på og kommenterer. Det er sikkert slik med andre også. Her er fleire flinke fotografar som postar innlegg (ingen nevnt, ingen glemt...), og ein må ikkje resignere sjølv om det kan vere variabelt med kommentarar.

