Då er eg på nett med eigen fotoblogg. Tittelen er litt vidløftig og kanskje ikkje endeleg, men det kan vere greit å gje rom for utvikling. Ei av fleire tolkingar kan vere streif i tid. Eg har drive med foto i over 30 år, med varierande intensitet. Med relativ ny 450D og fotoklubb er interessa no stigande igjen, men dei siste åra har det helst vore sporadisk fotografering med eit lite (men bra) digitalkamera. Tidlegare gjekk det mykje i analog speilrefleks og lysbildefilm, og eg har planar om å digitalisere det meste av bilda frå den tida. Då blir det eit stort arkiv på harddisken, og nokre oppfriska smakebitar kan bli presentert i bloggen. Og ikkje minst kan det bli innslag av fine landskapsmotiv frå fotografiet sin ungdom, som eg liker å samle og dra fram i lyset.
Eg er oppvaksen i spennande landskap i indre dalstrøk ved Jostedalsbreen, og vart tidleg interessert i natur, friluftsliv og foto. Det er kjekt å formidle det ein opplever, og nettblogg er ein ny og spennande kanal. Ønskjer sjølvsagt bildekritikk, men eg vil også ha høgde for å blogge øyeblikksfoto (frå mobilen?) som ikkje er så veldig gjennomtenkt og gjennomarbeidd. Og legg kan hende ut uredigerte foto for å få innspel om kva eg bør gjere i Photoshop.
Fotoskole - Teknikk for konsertfotografer
for 11 år siden
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar